Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 31:40-55 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

40. Om dagen vart eg plaga av hete og om natta av kulde; eg fekk ikkje svevn på augo.

41. I tjue år har eg vore i huset ditt. Fjorten år tente eg for dei to døtrene dine og seks år for småfeet ditt; og ti gonger endra du løna mi.

42. Hadde ikkje Gud åt far min vore med meg, Abrahams Gud og Isaks Redsle, så hadde du visseleg no sendt meg tomhendt bort. Men Gud har sett mi naud og mitt strev, og i natt har han felt sin dom.»

43. Då tok Laban til ords og sa til Jakob: «Døtrene er mine, borna er mine, og buskapen er min. Alt det du ser, er mitt. Kva kunne eg i dag gjera for desse døtrene mine eller borna som dei har fått?

44. Kom no, lat oss gjera ei pakt med einannan! Den skal vera vitne mellom meg og deg.»

45. Då tok Jakob ein stein og reiste han til ein minnestein.

46. Og han sa til frendane sine: «Sanka i hop stein!» Så tok dei steinar og laga ei røys; og dei heldt måltid der attmed røysa.

47. Laban kalla henne Jegar-Sahaduta, og Jakob kalla henne Gal-Ed.

48. Laban sa: «Denne røysa skal i dag vera vitne mellom meg og deg.» Difor kalla dei henne Gal-Ed

49. og Mispa, for han sa: «Herren skal vakta på meg og deg, når vi ikkje ser einannan lenger.

50. Fer du ille med døtrene mine, eller tek du deg andre koner attåt dei, så skal du vita at Gud er vitne mellom meg og deg, om det ikkje er eit menneske til stades.»

51. Då sa Laban til Jakob: «Sjå, denne steinrøysa og minnesteinen har eg reist mellom meg og deg!

52. – Både røysa og steinen skal vera vitne på at eg ikkje fer framom dei til deg, og at du ikkje kjem framom dei til meg på det som vondt er.

53. Abrahams Gud og Nakors Gud, han som var Gud åt far deira, skal døma mellom oss.» Så svor Jakob ved Redsla åt Isak, far sin.

54. Og Jakob ofra eit slaktoffer på fjellet og bad frendane sine til måltid. Dei åt og var på fjellet den natta.

55. Morgonen etter stod Laban tidleg opp. Han kyste døtrene sine og borna deira og velsigna dei. Så fór han heim att.