Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 31:36-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

36. Då vart Jakob harm og kom med klagemål mot Laban. Han tok til ords og sa til han: «Kva vondt har eg gjort? Kva er mi synd, sidan du forfylgjer meg såleis?

37. Alt det eg eig, har du ransaka. Kva fann du då som høyrer til i huset ditt? Legg det fram her for mine og dine frendar, så dei kan døma mellom oss to.

38. No har eg vore hjå deg i tjue år. Sauene og geitene dine har aldri kasta. Og verane i buskapen din har eg ikkje ete opp.

39. Eg kom ikkje til deg med ihelrivne dyr, men bøtte sjølv skaden. Når noko var stole, kravde du skadebot av meg, anten det hadde hendt om dagen eller om natta.

40. Om dagen vart eg plaga av hete og om natta av kulde; eg fekk ikkje svevn på augo.

41. I tjue år har eg vore i huset ditt. Fjorten år tente eg for dei to døtrene dine og seks år for småfeet ditt; og ti gonger endra du løna mi.

42. Hadde ikkje Gud åt far min vore med meg, Abrahams Gud og Isaks Redsle, så hadde du visseleg no sendt meg tomhendt bort. Men Gud har sett mi naud og mitt strev, og i natt har han felt sin dom.»

43. Då tok Laban til ords og sa til Jakob: «Døtrene er mine, borna er mine, og buskapen er min. Alt det du ser, er mitt. Kva kunne eg i dag gjera for desse døtrene mine eller borna som dei har fått?