Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 31:18-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Han tok med seg heile buskapen sin, det feet han hadde fått seg i Mesopotamia, og alt godset han hadde samla. No ville han fara til Isak, far sin, i Kanaan.

19. Medan Laban var borte og klypte sauene sine, stal Rakel husgudane åt far sin.

20. Og Jakob lurte Laban, aramearen; for han sa ikkje eit ord om at han ville fara sin veg.

21. Han rømde med alt det han åtte. Han gav seg på vegen, sette over Eufrat og tok leia mot Gilead-fjellet.

22. Tredje dagen fekk Laban vita at Jakob hadde rømt.

23. Då tok han med seg frendane sine, sette etter han sju dagsleier og nådde han att på Gilead-fjellet.

24. Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum om natta og sa til han: «Ta deg i vare så du ikkje seier eit vondt ord til Jakob!»

25. Då Laban nådde att Jakob, hadde han sett opp teltet sitt på fjellet, og Laban og frendane hans sette òg opp telt på Gilead-fjellet.

26. Laban sa til Jakob: «Kva er det du har gjort? Du har lurt meg og ført bort døtrene mine som om dei var hærtekne.