Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 31:12-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då sa han: «Sjå no fram for deg, så skal du få sjå at alle bukkane som spring på småfeet, er stripete, flekkete og droplete. For eg har sett korleis Laban fer åt mot deg.

13. Eg er den Gud som du såg i Betel, der du salva ein minnestein og gav meg ein lovnad. Gjer deg no ferdig og far ut or dette landet og attende til heimlandet ditt!»

14. Då tok Rakel og Lea til ords og sa til han: «Har vi enno arv og lut i huset åt far vår?

15. Har han ikkje rekna oss for framande? Han har då selt oss og sjølv øydt opp det han fekk for oss.

16. Ja, all den rikdomen Gud har teke frå far vår, høyrer oss og borna våre til. Gjer no berre alt det Gud har sagt til deg!»

17. Så gjorde Jakob seg ferdig og sette borna og konene sine opp på kamelane.

18. Han tok med seg heile buskapen sin, det feet han hadde fått seg i Mesopotamia, og alt godset han hadde samla. No ville han fara til Isak, far sin, i Kanaan.

19. Medan Laban var borte og klypte sauene sine, stal Rakel husgudane åt far sin.

20. Og Jakob lurte Laban, aramearen; for han sa ikkje eit ord om at han ville fara sin veg.

21. Han rømde med alt det han åtte. Han gav seg på vegen, sette over Eufrat og tok leia mot Gilead-fjellet.

22. Tredje dagen fekk Laban vita at Jakob hadde rømt.

23. Då tok han med seg frendane sine, sette etter han sju dagsleier og nådde han att på Gilead-fjellet.

24. Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum om natta og sa til han: «Ta deg i vare så du ikkje seier eit vondt ord til Jakob!»

25. Då Laban nådde att Jakob, hadde han sett opp teltet sitt på fjellet, og Laban og frendane hans sette òg opp telt på Gilead-fjellet.

26. Laban sa til Jakob: «Kva er det du har gjort? Du har lurt meg og ført bort døtrene mine som om dei var hærtekne.

27. Kvifor rømde du i løynd og lurte meg? Kvifor sa du det ikkje til meg, så eg kunne fylgt deg på vegen med glederop og song, med handtromme og lyre?

28. Du lét meg ikkje eingong få kyssa sønene og døtrene mine. Dette var uklokt gjort av deg.

29. Det står i mi makt å skada dykk. Men Gud åt far dykkar sa til meg i natt: Ta deg i vare så du ikkje seier eit vondt ord til Jakob!