Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 3:6-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok. Så tok ho av frukta og åt. Og ho gav mannen sin, som var med henne, og han åt.

7. Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet.

8. Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen.

9. Men Herren Gud ropa på Adam og sa til han: «Kvar er du?»