Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 3:2-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Kvinna svara: «Vi kan godt eta av frukta på trea i hagen.

3. Berre om frukta på det treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Den må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy!»

4. Då sa ormen til kvinna: «De skal ikkje døy!

5. Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal augo dykkar opnast; de skal verta som Gud og kjenna godt og vondt.»

6. No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok. Så tok ho av frukta og åt. Og ho gav mannen sin, som var med henne, og han åt.

7. Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet.