Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 3:10-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Han svara: «Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg redd, fordi eg var naken, og så gøymde eg meg.»

11. Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?»

12. Adam svara: «Kvinna som du sette til å vera hjå meg, ho gav meg av treet, og eg åt.»

13. Herren Gud sa til kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Ormen lokka meg, og eg åt.»

14. Då sa Herren Gud til ormen:«Fordi du gjorde dette,skal du vera forbannaframfor alt fe og alle villdyr.På buken skal du krypa,og mold skal du eta ¬alle dine dagar.

15. Fiendskap vil eg setjamellom deg og kvinna,mellom ditt avkom ¬og hennar ætt.Dei skal krasa ditt hovud,og du skal hogga dei ¬i hælen.»

16. Til kvinna sa han:«Stor vil eg gjera di mødeså tidt du er med barn;med verk og vande ¬skal du føda.Etter mannen din ¬skal du stunda,og han skal råda over deg.»

17. Og til Adam sa han:«Fordi du høyrde på kona diog åt av treetsom eg forbaud deg å eta av,skal jorda vera forbanna ¬for di skuld.Med møde skal du næra deg ¬av hennealle dine levedagar.

18. Torn og tistel ¬skal ho bera,og du skal eta ¬av vokstrane på marka.

19. Med sveitte i andletetskal du eta ditt brød,til dess du fer i jorda att;for av henne er du teken.Jord er du,og til jord skal du atter verta.»