Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 29:19-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Laban svara: «Det er betre at eg gjev henne til deg enn til ein framand mann. Ver du hjå meg!»

20. Så tente Jakob i sju år for Rakel, og dei åra tykte han var som nokre få dagar, så glad var han i henne.

21. Jakob sa til Laban: «Lat meg no få kona mi! For tida mi er ute, og eg vil flytta saman med henne.»

22. Då bad Laban i hop alt folket der på staden og heldt gjestebod.

23. Men om kvelden tok han Lea, dotter si, og leidde til Jakob; og han sov med henne.

24. Laban lét henne få Silpa, trælkvinna si; ho skulle tena hjå Lea, dotter hans.

25. Men då morgonen kom, sjå, då var det Lea! Jakob sa til Laban: «Kva er det du har gjort mot meg? Det var då for Rakel eg tente hjå deg. Kvifor har du svike meg?»

26. Laban svara: «Det er ikkje skikk her hjå oss å gifta bort den yngste før den eldste.

27. Lat bryllaupsveka hennar gå til ende, så skal eg gje deg den andre òg, dersom du vil tena hjå meg i sju år til!»

28. Jakob så gjorde. Han heldt bryllaup med henne veka ut. Så gav Laban han Rakel, dotter si, til kone.

29. Og Laban lét henne få Bilha, trælkvinna si; ho skulle tena hjå Rakel, dotter hans.

30. Så sov Jakob med Rakel òg, og han heldt meir av Rakel enn av Lea. Sidan tente han hjå Laban i sju år til.

31. Då Herren såg at Lea vart vanvørd, opna han morslivet hennar; men Rakel fekk ikkje born.

32. Lea vart med barn og fekk ein son, som ho kalla Ruben. «For Herren har sett mi naud,» sa ho; «no kjem mannen min til å halda av meg.»

33. Og ho vart med barn ein gong til og fekk ein son. Då sa ho: «Herren har høyrt at eg vart vanvørd, og no har han gjeve meg denne sonen òg.» Så kalla ho han Simeon.

34. Sidan vart ho med barn att og fekk ein son. Då sa ho: «No må då mannen min halda seg til meg, sidan han har fått tre søner med meg.» Så kalla ho han Levi.

35. Endå ein gong vart ho med barn og fekk ein son. Då sa ho: «No vil eg prisa Herren.» Difor kalla ho han Juda. Så fekk ho ikkje fleire born då.