Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 29:18-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Og Jakob hadde fått Rakel kjær. Difor sa han: «Eg skal tena hjå deg i sju år for Rakel, den yngste dottera di.»

19. Laban svara: «Det er betre at eg gjev henne til deg enn til ein framand mann. Ver du hjå meg!»

20. Så tente Jakob i sju år for Rakel, og dei åra tykte han var som nokre få dagar, så glad var han i henne.

21. Jakob sa til Laban: «Lat meg no få kona mi! For tida mi er ute, og eg vil flytta saman med henne.»

22. Då bad Laban i hop alt folket der på staden og heldt gjestebod.

23. Men om kvelden tok han Lea, dotter si, og leidde til Jakob; og han sov med henne.

24. Laban lét henne få Silpa, trælkvinna si; ho skulle tena hjå Lea, dotter hans.

25. Men då morgonen kom, sjå, då var det Lea! Jakob sa til Laban: «Kva er det du har gjort mot meg? Det var då for Rakel eg tente hjå deg. Kvifor har du svike meg?»

26. Laban svara: «Det er ikkje skikk her hjå oss å gifta bort den yngste før den eldste.