Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 29:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så tok Jakob ut att og kom til det landet der austmennene budde.

2. Då fekk han auga på ein brunn uti marka og tre saueflokkar som låg attmed han; for av den brunnen gav dei buskapen vatn. Men over brunnen låg det ein stor stein.

3. Når alle flokkane var samla der, velte dei steinen av brunnen og lét småfeet drikka. Så la dei steinen på plass att.

4. Jakob spurde: «Kvar er de frå, brør?» «Vi er frå Karan,» sa dei.

5. Så spurde han: «Kjenner de Laban, son til Nakor?» Dei svara: «Ja, det gjer vi.»

6. «Står det bra til med han?» spurde Jakob. «Ja, det gjer det,» svara dei. «Sjå, der kjem Rakel, dotter hans, med småfeet!»

7. Då sa han: «Sola står enno høgt. Det er for tidleg å samla buskapen. Lat småfeet få drikka, og gå så og gjæt!»

8. «Nei,» svara dei, «det kan vi ikkje før alle flokkane er samla, og gjætarane har velt steinen av brunnen. Då skal vi gje småfeet vatn.»

9. Medan han endå stod og tala med dei, kom Rakel med buskapen åt faren; for det var ho som gjætte.

10. Då Jakob fekk sjå Rakel, dotter til Laban, morbror sin, og småfeet hans, gjekk han fram, velte steinen av brunnen og lét buskapen til morbroren få drikka.

11. Så kyste han Rakel, og gråten tok han.

12. Jakob fortalde henne at han var i slekt med far hennar, og at han var son til Rebekka. Då sprang Rakel heim og sa dette til far sin.