Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 27:31-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Han òg laga ein god rett og bar inn til far sin. «Far,» sa han, «vil du ikkje stå opp og eta av viltet eg har skote, så du kan velsigna meg!»

32. «Kven er du?» spurde Isak. Han svara: «Eg er Esau, eldste son din.»

33. Då vart Isak så forfærd at han skalv, og han sa: «Kven var det då som kom til meg med noko vilt han hadde skote? Eg åt av det før du kom, og velsigna han; og no lyt han vera velsigna.»

34. Då Esau høyrde dei orda av far sin, sette han i eit høgt og hjarteskjerande skrik og sa: «Velsigna meg òg, far!»

35. Men han svara: «Bror din kom med svik og tok velsigninga som du skulle ha.»

36. Då sa Esau: «Med rette har han fått namnet Jakob; for no har han lurt meg to gonger. Fyrst tok han odelen min, og no har han teke velsigninga med.» Så sa han: «Har du ikkje ei velsigning til meg òg?»

37. Då tok Isak til ords og sa til Esau: «Eg har sett han til herre over deg, og alle brørne hans har eg gjort til trælane hans. Med korn og vin har eg sytt for han. Kva kan eg så gjera for deg, son min?»

38. Esau svara: «Har du berre denne eine velsigninga, far? Velsigna meg òg, far!» Og Esau gret høgt.