Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 26:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så vart det uår og naud i landet, som det hadde vore ein gong før, medan Abraham levde. Då fór Isak til Abimelek, filistarkongen i Gerar.

2. Herren synte seg for han og sa: «Far ikkje ned til Egypt, men hald deg i det landet eg seier deg!

3. Slå deg til her i landet, så skal eg vera med deg og velsigna deg! For deg og di ætt vil eg gje alle desse landa. Eg skal halda den heilage lovnaden eg gav Abraham, far din.

4. Eg skal gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og gje henne alle landa her. Og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast,

5. fordi Abraham lydde meg og heldt seg etter det eg har fastsett, boda og føresegnene og lovene mine.»

6. Så vart Isak buande i Gerar.

7. Då mennene der på staden spurde han ut om kona hans, sa han: «Ho er syster mi.» Han torde ikkje seia at ho var kona hans; han var redd dei skulle slå han i hel for Rebekka skuld, av di ho var så ven.

8. Då han hadde vore der ei tid, hende det at Abimelek, filistarkongen, såg ut gjennom vindauga og fekk sjå at Isak gav Rebekka, kona si, kjærteikn.

9. Abimelek kalla Isak til seg og sa: «Ho er då kona di! Kvifor sa du at ho er syster di?» Isak svara: «Eg tenkte eg kunne missa livet for hennar skuld.»

10. Då sa Abimelek: «Kva har du gjort imot oss? Kor lett kunne det ikkje ha hendt at einkvan av folket hadde lege med kona di, og då hadde du ført skuld over oss!»

11. Så gav Abimelek heile folket dette påbodet: «Den som rører denne mannen eller kona hans, skal døy.»

12. Isak sådde korn der i landet og fekk hundre foll det året. Herren velsigna han,