Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 25:24-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Då tida kom at ho skulle føda, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.

25. Den som kom fyrst, var raud, og loden som ein fell over heile kroppen. Han kalla dei Esau.

26. Så kom broren; og han heldt Esau i hælen med handa. Difor kalla dei han Jakob. Isak var seksti år gamal då dei vart fødde.

27. Då gutane voks opp, vart Esau ein glup jeger, som heldt til i skog og mark. Jakob var ein fredeleg kar, som budde i telt.

28. Isak heldt mest av Esau, for han ville gjerne ha vilt; men Rebekka var gladast i Jakob.

29. Ein gong heldt Jakob på å koka ein velling. Då kom Esau heim frå marka, trøytt og svolten.

30. Han sa til Jakob: «Lat meg få setja til livs noko av det raude du har der; eg er heilt utmødd.» Difor kalla dei han Edom.

31. Men Jakob sa: «Du må fyrst selja meg odelsretten din!»

32. Esau svara: «Du ser eg held på å døy av svolt! Kva skal eg då med odelsretten?»

33. Jakob sa: «Gjer fyrst eiden på det!» Så gjorde han eiden og selde odelsretten sin til Jakob.

34. Jakob gav han då brød og linsevelling, og han åt og drakk. Etter måltidet reiste han seg og gjekk sin veg. Så lite brydde Esau seg om odelsretten.