Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 25:20-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Isak var førti år gamal då han gifte seg med Rebekka, dotter til aramearen Betuel frå Mesopotamia, og syster til aramearen Laban.

21. Isak bad til Herren for kona si; for ho var barnlaus. Herren høyrde bøna hans, og Rebekka, kona hans, vart med barn.

22. Men då fostera støytte til kvarandre i livet hennar, sa ho: «Når så er, kvifor har då dette hendt meg?» Og ho gjekk og spurde Herren til råds.

23. Herren sa til henne:«To folkeslag er det i livet ditt,to folk skal skiljast ¬alt frå mors liv.Det eine vert sterkare ¬enn det andre,den eldste skal tena den ¬yngste.»

24. Då tida kom at ho skulle føda, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.

25. Den som kom fyrst, var raud, og loden som ein fell over heile kroppen. Han kalla dei Esau.

26. Så kom broren; og han heldt Esau i hælen med handa. Difor kalla dei han Jakob. Isak var seksti år gamal då dei vart fødde.

27. Då gutane voks opp, vart Esau ein glup jeger, som heldt til i skog og mark. Jakob var ein fredeleg kar, som budde i telt.

28. Isak heldt mest av Esau, for han ville gjerne ha vilt; men Rebekka var gladast i Jakob.

29. Ein gong heldt Jakob på å koka ein velling. Då kom Esau heim frå marka, trøytt og svolten.

30. Han sa til Jakob: «Lat meg få setja til livs noko av det raude du har der; eg er heilt utmødd.» Difor kalla dei han Edom.

31. Men Jakob sa: «Du må fyrst selja meg odelsretten din!»

32. Esau svara: «Du ser eg held på å døy av svolt! Kva skal eg då med odelsretten?»

33. Jakob sa: «Gjer fyrst eiden på det!» Så gjorde han eiden og selde odelsretten sin til Jakob.

34. Jakob gav han då brød og linsevelling, og han åt og drakk. Etter måltidet reiste han seg og gjekk sin veg. Så lite brydde Esau seg om odelsretten.