Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 24:61-67 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

61. Så gjorde Rebekka og jentene hennar seg i stand, sette seg på kamelane og fylgde trælen. Han tok Rebekka med seg og fór av garde.

62. Isak var nett komen heim frå Lakai-Ro’i-brunnen. Han heldt til i Negev den gongen.

63. I kveldinga tok Isak seg ein tur ut på marka. Då han såg opp, vart han brått var nokre kamelar som kom.

64. Og då Rebekka såg opp, fekk ho auga på Isak. Då sprang ho ned av kamelen

65. og sa til trælen: «Kven er den mannen som kjem imot oss bortpå marka?» Trælen svara: «Det er husbonden min.» Då tok ho sløret og hadde det for andletet.

66. Så fortalde trælen Isak alt det han hadde gjort.

67. Og Isak leidde Rebekka inn i teltet åt Sara, mor si. Han tok henne til kone og vart glad i henne. Såleis fann Isak trøyst i sorga over mor si.