Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 24:52-63 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

52. Då trælen hans Abraham høyrde det, bøygde han seg til jorda for Herren.

53. Og han tok fram klede og smykke av sølv og gull og gav Rebekka. Til bror hennar og mor hennar hadde han òg dyre gåver.

54. Så åt dei og drakk, han og mennene som var med han, og dei var der om natta.Då dei stod opp om morgonen, sa han: «Lat meg få fara heim att til husbonden min!»

55. Men bror til Rebekka og mor hennar sa: «Lat jenta vera hjå oss ei tid, ti dagar eller så! Sidan kan ho fara.»

56. Då svara han: «Heft meg ikkje, no når Herren har late ferda mi lukkast! Lat meg få ta i veg og fara heim att til husbonden min!»

57. Dei sa: «Vi skal ropa på jenta og spørja henne sjølv.»

58. Så ropa dei på Rebekka og sa til henne: «Vil du fara med denne mannen?» Ho svara: «Ja, det vil eg.»

59. Då lét dei Rebekka, syster si, og fostermor hennar fara saman med trælen åt Abraham og mennene hans.

60. Dei velsigna Rebekka og sa til henne:«Kjære syster, gjev du må vertatil tusen gonger titusen!Gjev dine etterkomarar må taborgene frå sine fiendar!»

61. Så gjorde Rebekka og jentene hennar seg i stand, sette seg på kamelane og fylgde trælen. Han tok Rebekka med seg og fór av garde.

62. Isak var nett komen heim frå Lakai-Ro’i-brunnen. Han heldt til i Negev den gongen.

63. I kveldinga tok Isak seg ein tur ut på marka. Då han såg opp, vart han brått var nokre kamelar som kom.