Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 24:45-54 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

45. Før eg var ferdig med bøna, kom Rebekka med krukka på aksla. Ho gjekk ned til kjelda og auste opp vatn. Då sa eg til henne: «Kjære, lat meg få drikka!»

46. Ho skunda seg, tok krukka ned og sa: «Drikk du, og kamelane dine skal eg òg brynna.» Så drakk eg, og kamelane gav ho òg vatn.

47. «Kven si dotter er du?» spurde eg henne. Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Nakor og Milka.» Då sette eg ringen i nasen hennar og gullbanda på armane hennar.

48. Og eg bøygde meg til jorda og tilbad Herren. Eg lova Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, fordi han hadde ført meg på rett veg, så eg kunne få dotter til brorson åt husbonden min til kone åt son hans.

49. Vil de no vera gode og trufaste mot husbonden min, så sei meg det! Og vil de ikkje, så sei meg det òg, så eg veit kva eg har å halda meg til!

50. Då svara Laban og Betuel: «Dette kjem frå Herren. Vi kan ingenting seia, anten frå eller til.

51. Sjå, her har du Rebekka! Ta henne og far heim att! Lat son åt husbonden din få henne til kone, som Herren har sagt!»

52. Då trælen hans Abraham høyrde det, bøygde han seg til jorda for Herren.

53. Og han tok fram klede og smykke av sølv og gull og gav Rebekka. Til bror hennar og mor hennar hadde han òg dyre gåver.

54. Så åt dei og drakk, han og mennene som var med han, og dei var der om natta.Då dei stod opp om morgonen, sa han: «Lat meg få fara heim att til husbonden min!»