Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 24:31-48 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Då sa Laban: «Kom inn, du som er velsigna av Herren! Kvifor står du her ute? Eg har fjelga i huset og stelt til rom åt kamelane.»

32. Så gjekk mannen inn i huset og kløvja av kamelane. Laban henta halm og fôr til dyra og vatn til mannen og dei som var med han, så dei kunne vaska føtene.

33. Så sette dei fram mat for han; men han sa: «Nei, eg vil ikkje eta før eg har bore fram ærendet mitt.» Dei svara: «Sei fram!»

34. Då sa han: Eg er trælen åt Abraham.

35. Herren har storleg velsigna husbonden min, så han har vorte rik. Han har gjeve han småfe og storfe, sølv og gull, trælar og trælkvinner, kamelar og esel.

36. Og Sara, kona åt husbonden min, har fått ein son på sine gamle dagar; og alt det han eig, har han gjeve sonen.

37. No har husbonden min teke meg i eid og sagt: «Du skal ikkje finna ei kone til son min mellom dei unge jentene i Kanaan, det landet eg bur i.

38. Men til farshuset og folket mitt skal du fara og finna ei kone til son min.»

39. Då sa eg til husbonden min: «Men om no jenta ikkje vil fylgja meg?»

40. Han svara: «Eg har ferdast for Herrens åsyn. Han skal senda sin engel med deg og la ferda di lukkast, så du finn ei kone til son min i mitt eige folk og farshus.

41. Når du kjem til folket mitt, skal du vera løyst frå eiden du har svore meg. Jamvel om dei ikkje vil la deg få henne, skal du vera løyst frå eiden.»

42. Då eg kom til kjelda i dag, sa eg: «Herre, Gud åt Abraham, husbonden min! Gjev du må la ferda mi lukkast!

43. Her står eg attmed denne kjelda. Kjem det no ei ung jente ut etter vatn, vil eg seia til henne: Lat meg få litt vatn av krukka di!

44. Svarar ho då: Drikk du, og til kamelane dine skal eg òg henta vatn, så lat det vera den kvinna du, Herre, har etla til son åt husbonden min.»

45. Før eg var ferdig med bøna, kom Rebekka med krukka på aksla. Ho gjekk ned til kjelda og auste opp vatn. Då sa eg til henne: «Kjære, lat meg få drikka!»

46. Ho skunda seg, tok krukka ned og sa: «Drikk du, og kamelane dine skal eg òg brynna.» Så drakk eg, og kamelane gav ho òg vatn.

47. «Kven si dotter er du?» spurde eg henne. Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Nakor og Milka.» Då sette eg ringen i nasen hennar og gullbanda på armane hennar.

48. Og eg bøygde meg til jorda og tilbad Herren. Eg lova Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, fordi han hadde ført meg på rett veg, så eg kunne få dotter til brorson åt husbonden min til kone åt son hans.