Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 24:15-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Før han var ferdig med bøna, bar det så til at Rebekka, dotter til Betuel, kom ut med ei krukke på aksla. Betuel var son til Milka og Nakor, bror åt Abraham.

16. Det var ei ovven jente, ei ungmøy som ingen mann hadde vore nær. Ho gjekk ned til kjelda og fylte krukka. Då ho kom opp att,

17. sprang trælen imot henne og sa: «Lat meg få drikka litt vatn av krukka di!»

18. Ho svara: «Drikk, herre!» og ho skunda seg og tok krukka ned i handa og lét han drikka.

19. Då han hadde drukke seg utyrst, sa ho: «Eg skal henta vatn til kamelane dine òg, så dei kan sløkkja torsten.»

20. Og ho skunda seg og tømde krukka i troa. Så sprang ho bort til brunnen att etter vatn og brynte alle kamelane hans.

21. Mannen stod tagal og såg på henne. Han ville vita om Herren hadde late ferda hans lukkast eller ikkje.

22. Då kamelane hadde drukke, tok mannen fram ein gullring som vog ein halv sekel, og to armband av gull til henne; dei vog ti sekel.

23. Og han sa: «Kven si dotter er du? Kjære, sei meg det! Kan far din hysa oss i natt?»

24. Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Nakor og Milka.

25. Vi har fullt opp av halm og fôr,» sa ho, «og husrom har vi òg.»

26. Då bøygde mannen seg til jorda, tilbad Herren

27. og sa: «Lova vere Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, som ikkje har teke si miskunn og sin truskap frå husbonden min! Herren har ført meg rette vegen til frendane åt husbonden min.»

28. Jenta sprang heim til mor si og fortalde alt dette.

29. Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Han sprang ut til mannen attmed kjelda.