Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 23:4-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. «Eg er ein innflyttar og framand mellom dykk. Lat meg få ein gravstad til eige hjå dykk, så eg kan bera ut den døde kona mi og gravleggja henne.»

5. Hetittane svara Abraham:

6. «Høyr her, herre! Du er ein Guds hovding mellom oss. I den beste av gravene våre kan du jorda kona di. Ingen av oss skal nekta deg ei grav til å leggja henne i.»

7. Då reiste Abraham seg, bøygde seg for hetittane som budde i landet,

8. og sa til dei: «Samtykkjer de i at eg ber ut den døde kona mi og gravlegg henne, så høyr på meg! Legg inn eit godt ord for meg hjå Efron, son til Sohar,

9. så han lèt meg få Makpela-hola, som høyrer han til og ligg i utkanten av jordet hans. Han skal få full betaling om han her midt imellom dykk gjev meg hola til eigande gravstad.»