Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 22:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Abraham svara: «Gud vil nok sjølv sjå seg ut eit offerlam, guten min.» Og så gjekk dei frametter, dei to.

9. Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar og la veden til rettes. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden.

10. Og Abraham rette ut handa og tok kniven og ville ofra son sin.

11. Då ropa Herrens engel til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.»

12. Då sa engelen: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du har age for Gud, sidan du ikkje eingong sparte einaste son din for meg.»

13. Då Abraham såg opp, fekk han auga på ein ver, som hang fast etter horna i kjerret bak han. Så gjekk han bort og tok veren og ofra han som brennoffer i staden for son sin.

14. Og Abraham kalla den staden «Herren ser». Og den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.»

15. Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen