Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 22:7-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Då sa Isak til Abraham, far sin: «Du far!» Og han svara: «Ja, guten min.» Isak sa: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er lammet som vi skal ofra?»

8. Abraham svara: «Gud vil nok sjølv sjå seg ut eit offerlam, guten min.» Og så gjekk dei frametter, dei to.

9. Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar og la veden til rettes. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden.

10. Og Abraham rette ut handa og tok kniven og ville ofra son sin.

11. Då ropa Herrens engel til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.»

12. Då sa engelen: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du har age for Gud, sidan du ikkje eingong sparte einaste son din for meg.»

13. Då Abraham såg opp, fekk han auga på ein ver, som hang fast etter horna i kjerret bak han. Så gjekk han bort og tok veren og ofra han som brennoffer i staden for son sin.

14. Og Abraham kalla den staden «Herren ser». Og den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.»

15. Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen

16. og sa: «Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din,

17. skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar,

18. og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.»

19. Så gjekk Abraham attende til tenestgutane sine. Dei tok på heimvegen og fylgdest til Be’er-Sjeba. Og Abraham vart buande der.

20. Ei tid etter at dette hadde hendt, kom det ein og sa til Abraham: Milka og Nakor, bror din, har òg fått søner:

21. Us, som er eldst, Bus, bror hans, Kemuel, far til Aram,