Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 22:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ei tid etter at dette hadde hendt, ville Gud setja Abraham på prøve. Han sa til han: «Abraham!» Og Abraham svara: «Ja, her er eg.»

2. Då sa han: «Ta Isak, einaste son din, som du held så av, og far til Moria-landet! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella som eg vil syna deg!»

3. Morgonen etter stod Abraham tidleg opp, kløvja eselet sitt og tok med seg to av tenestgutane sine og Isak, son sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og så gav han seg i veg til den staden Gud hadde sagt.

4. Tredje dagen, då Abraham såg seg ikring, fekk han auga på staden langt borte.

5. Då sa Abraham til tenestgutane sine: «Ver de her med eselet! Eg og guten vil gå dit bort og tilbe; og så kjem vi hit til dykk att.»

6. Så tok Abraham offerveden og la på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa; og så gjekk dei saman, dei to.