Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 21:4-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Og han omskar Isak då han var åtte dagar, som Gud hadde sagt han føre.

5. Abraham var hundre år gamal då han fekk sonen Isak.

6. Då sa Sara: «Gud har laga det så at eg må le. Og alle som høyrer dette, kjem til å le åt meg.»

7. Og ho heldt fram: «Kven skulle ha sagt til Abraham: Sara skal gje småborn bryst! Og så har eg fått ein son på hans gamle dagar.»

8. Isak voks opp, og mora vande han av. Abraham heldt eit stort gjestebod den dagen guten vart avvand.

9. Sara såg at sonen som Hagar frå Egypt hadde fått med Abraham, dreiv gjøn med Isak.

10. Då sa ho til Abraham: «Du skal jaga den trælkvinna der og son hennar! For son til trælkvinna skal ikkje arva saman med son min, med Isak.»

11. Dette gjorde Abraham svært vondt for sonen skuld.

12. Men Gud sa til Abraham: «Ta deg ikkje nær av det som har hendt med guten og trælkvinna! Lyd Sara i alt det ho seier deg! For gjennom Isak skal du få ei ætt som kallast di.

13. Men sonen til trælkvinna vil eg òg gjera til eit folk, fordi han er din son.»

14. Morgonen etter tok Abraham brød og ei hit med vatn og gav det til Hagar. Han sette guten på ryggen hennar, og så sende han henne bort. Ho gav seg i veg, men villa seg bort i øydemarka ved Be’er-Sjeba.

15. Då vatnet traut i hita, kasta ho barnet inn under ein busk.

16. Og sjølv gjekk ho og sette seg om lag eit bogeskot lenger borte. For ho tenkte: «Eg kan ikkje sjå på at guten døyr.» Medan ho sat der, tok guten til å gråta.

17. Gud høyrde at han gret. Då ropa Guds engel frå himmelen til Hagar og sa: «Kva er i vegen med deg, Hagar? Ver ikkje redd! For Gud har høyrt guten gråta der han ligg.

18. Reis deg, ta han opp og hald han fast i handa! For eg vil gjera han til eit stort folk.»