Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 21:15-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Då vatnet traut i hita, kasta ho barnet inn under ein busk.

16. Og sjølv gjekk ho og sette seg om lag eit bogeskot lenger borte. For ho tenkte: «Eg kan ikkje sjå på at guten døyr.» Medan ho sat der, tok guten til å gråta.

17. Gud høyrde at han gret. Då ropa Guds engel frå himmelen til Hagar og sa: «Kva er i vegen med deg, Hagar? Ver ikkje redd! For Gud har høyrt guten gråta der han ligg.

18. Reis deg, ta han opp og hald han fast i handa! For eg vil gjera han til eit stort folk.»

19. Så opna Gud augo hennar, og ho fekk sjå ein brunn. Ho gjekk og fylte hita med vatn og lét guten drikka.

20. Og Gud var med guten. Han voks opp i øydemarka og vart bogeskyttar.

21. Han budde i Paran-øydemarka, og mor hans fann ei kone til han frå Egypt.

22. På den tid hende det at Abimelek og Pikol, hærføraren hans, sa til Abraham: «Gud er med deg i alt det du gjer.

23. Sver no ved Gud at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borna og etterkomarane mine! Liksom eg har gjort vel imot deg, skal du gjera vel imot meg og det landet du har fått tilhald i.»