Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 21:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren tok seg av Sara som han hadde sagt, og gjorde med henne det han hadde lova.

2. Sara vart med barn og fekk ein son med Abraham på hans gamle dagar, på den tid Gud hadde nemnt for han.

3. Abraham kalla son sin, som han hadde fått med Sara, Isak.

4. Og han omskar Isak då han var åtte dagar, som Gud hadde sagt han føre.

5. Abraham var hundre år gamal då han fekk sonen Isak.

6. Då sa Sara: «Gud har laga det så at eg må le. Og alle som høyrer dette, kjem til å le åt meg.»

7. Og ho heldt fram: «Kven skulle ha sagt til Abraham: Sara skal gje småborn bryst! Og så har eg fått ein son på hans gamle dagar.»