Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 20:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så flytte Abraham til Negev og slo seg ned mellom Kadesj og Sjur. Sidan heldt han til i Gerar.

2. Han sa om Sara, kona si: «Ho er syster mi.» Då sende Abimelek, kongen i Gerar, folk av stad og henta Sara.

3. Men om natta kom Gud til Abimelek i ein draum og sa til han: «No skal du døy, fordi du har teke denne kvinna; for ho er ei gift kone.»

4. Abimelek, som ikkje hadde vore nær henne, sa: «Herre, vil du då drepa rettferdige folk?

5. Sa han ikkje til meg at ho er syster hans? Og sjølv har ho sagt at han er bror hennar. Med skuldlaust hjarta og reine hender har eg gjort dette.»

6. Då sa Gud til han i draumen: «Ja, eg veit at du har gjort det med skuldlaust hjarta. Og det var eg som heldt deg frå å synda mot meg; difor lét eg deg ikkje røra henne.

7. Lat no mannen få att kona si, for han er ein profet. Så bed han for deg, og du får leva. Men gjev du henne ikkje frå deg, skal du vita at du må døy, både du og alle dine.»