Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 19:9-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Men dei ropa: «Bort med deg! Her kjem denne framandkaren og vil bu hjå oss,» sa dei, «og så gjev han seg til å vera domar! No skal vi fara verre åt med deg enn med dei.» Så gjekk dei hardt inn på mannen, på Lot. Dei storma mot døra og ville bryta henne sund.

10. Då rette mennene ut handa, tok Lot inn til seg i huset og stengde døra.

11. Og dei vildra synet på mennene utanfor husdøra, både på små og store; kor mykje dei streva, fann dei ikkje døra.

12. Då sa mennene til Lot: «Har du elles nokon her, anten versøner, søner eller døtrer eller andre som høyrer deg til i byen, så skal du ta dei med deg bort herifrå.

13. For no skal vi øydeleggja denne staden, av di eit sterkt klagerop over folket har nått opp til Herren, og han har sendt oss for å øydeleggja byen.»

14. Då gjekk Lot ut og sa frå til versønene sine, dei som skulle ha døtrene hans. «Stå opp og kom dykk bort frå denne staden,» sa han; «for no vil Herren øydeleggja byen!» Men versønene trudde at han skjemta med dei.

15. Då det tok til å dagast, skunda englane på Lot og sa: «Stå opp, ta kona di og dei to døtrene dine som er her, så de ikkje skal missa livet for alt det vonde skuld som er gjort i denne byen!»