Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 19:30-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Frå Soar fór Lot opp i fjellet og gav seg til der saman med dei to døtrene sine; for han torde ikkje verta verande i Soar. Så budde dei i ei fjellhole, han og dei to døtrene hans.

31. Då sa den eldste dottera til den yngste: «Far vår er gamal, og det finst ikkje ein mann her i landet som kan vera saman med oss på vanleg vis.

32. Kom, lat oss gje far vår vin å drikka og liggja med han, så vi kan halda ætta oppe med far vår!»

33. Same kvelden skjenkte dei far sin vin, og den eldste gjekk og la seg hjå han. Han merka ikkje at ho la seg, og heller ikkje at ho stod opp.

34. Dagen etter sa den eldste til den yngste: «Høyr her, i natt låg eg med far. Lat oss gje han vin å drikka i kveld òg. Og gå så du inn og legg deg hjå han, så vi kan halda ætta oppe med far vår!»

35. Dei skjenkte far sin vin den kvelden òg, og den yngste gjekk og la seg hjå han. Han merka ikkje at ho la seg, og heller ikkje at ho stod opp.

36. No skulle begge døtrene til Lot ha barn med far sin.

37. Den eldste fekk ein son og kalla han Moab. Frå han er moabittane ætta, som finst den dag i dag.

38. Den yngste fekk òg ein son og kalla han Ben-Ammi. Frå han er ammonittane ætta, som finst den dag i dag.