Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 19:20-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Sjå, den byen der ligg så nær at eg kan røma dit; store staden er det ikkje. Kjære, lat meg få røma dit – han er då så liten – så eg kan berga livet!»

21. Då sa han: «Ja, eg gjer deg til viljes i dette òg; eg skal ikkje øydeleggja den byen du nemner.

22. Skunda deg og røm dit! For eg kan ingenting gjera før du er framkomen.» – Difor kallar dei den byen Soar.

23. Då sola rann over landet, kom Lot fram til Soar.

24. Då lét Herren det regna svovel og eld over Sodoma og Gomorra – ned frå Herren, frå himmelen.

25. Han øydela desse byane og heile sletta, alle som budde i byane, og alt som voks på marka.

26. Men kona hans Lot såg seg tilbake. Då vart ho til ein saltstein.

27. Tidleg om morgonen gjekk Abraham til den staden der han hadde stått framfor Herren.

28. Då han skoda ut over Sodoma og Gomorra og heile slettelandet, såg han at det valt røyk opp frå landet, som røyken frå ein smelteomn.

29. Så gjekk det til at Gud kom Abraham i hug då han øydela byane på sletta. Han leidde Lot midt ut or øydelegginga, som han sende over dei byane Lot hadde butt i.