Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 19:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dei to englane kom til Sodoma om kvelden, medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå dei, reiste han seg og gjekk imot dei, bøygde seg til jorda

2. og sa: «Gode herrar, ver med tenaren dykkar heim, gjev dykk til der i natt og vaska føtene! Så kan de stå tidleg opp i morgon og ta i veg att.» Dei svara: «Nei, vi vil vera ute på torget i natt.»

3. Men han nøydde dei så hardt at dei vart med han. Og då dei kom inn i huset, laga han til eit måltid for dei. Han baka usyrt brød, og dei åt.

4. Men før dei hadde lagt seg, kom folket i byen, mennene i Sodoma, unge og gamle, kvar einaste mann, og slo ring om huset.

5. Dei ropa på Lot og sa til han: «Kvar er dei mennene som kom til deg i natt? Lat dei koma ut til oss, så vi kan få vår vilje med dei!»

6. Då gjekk Lot ut i døra til dei, stengde henne etter seg

7. og sa: «Kjære brør, gjer ikkje slik ei ugjerning!

8. Eg har to døtrer som ingen mann har vore nær. Lat meg senda dei ut til dykk, så kan de gjera med dei som de lyster. Men desse mennene må de ikkje gjera noko, sidan dei har funne livd under mitt tak.»

9. Men dei ropa: «Bort med deg! Her kjem denne framandkaren og vil bu hjå oss,» sa dei, «og så gjev han seg til å vera domar! No skal vi fara verre åt med deg enn med dei.» Så gjekk dei hardt inn på mannen, på Lot. Dei storma mot døra og ville bryta henne sund.

10. Då rette mennene ut handa, tok Lot inn til seg i huset og stengde døra.