Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 13:8-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Då sa Abram til Lot: «Kjære, lat det ikkje vera trette mellom meg og deg og mellom mine gjætarar og dine! Vi er då frendar.

9. Ligg ikkje heile landet framføre deg? Skil heller lag med meg! Tek du til venstre, skal eg ta til høgre; og tek du til høgre, skal eg ta til venstre.»

10. Då såg Lot ut over landet og la merke til at heile Jordan-sletta, radt ned til Soar, var svært rik på vatn, som Herrens hage, som Egyptarlandet. Det var før Herren hadde lagt Sodoma og Gomorra i øyde.

11. Og Lot valde seg ut heile Jordan-sletta og tok austetter. Såleis skildest dei frå einannan.

12. Abram vart buande i Kanaan, medan Lot slo seg ned i byane på sletta og flytte med telta sine heilt ned til Sodoma.