Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 13:4-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Der hadde han førre gongen bygt eit altar, og der kalla han på Herrens namn.

5. Lot, som fylgdest med Abram, hadde òg småfe og storfe og telt.

6. Men landet kunne ikkje fø dei når dei var i lag; dei hadde så mykje fe at dei ikkje kunne bu saman.

7. Så vart det trette mellom dei som gjætte for Abram, og dei som gjætte for Lot. Kanaanearane og perisittane budde den gongen i landet.

8. Då sa Abram til Lot: «Kjære, lat det ikkje vera trette mellom meg og deg og mellom mine gjætarar og dine! Vi er då frendar.

9. Ligg ikkje heile landet framføre deg? Skil heller lag med meg! Tek du til venstre, skal eg ta til høgre; og tek du til høgre, skal eg ta til venstre.»