Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 13:16-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Eg vil la ætta di verta som støvet på jorda. Kan nokon telja støvet på jorda, skal di ætt kunna teljast òg.

17. Stå opp og far gjennom landet, så langt og så breitt som det er! For deg vil eg gje det.»

18. Sidan flytte Abram ikring med telta sine. Han kom til eikelunden i Mamre ved Hebron. Der vart han buande, og der bygde han eit altar for Herren.