Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 13:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så fór Abram frå Egypt opp til Negev med kona si og alt det han åtte. Og Lot var med han.

2. Abram var no svært rik, både på fe og på sølv og gull.

3. Frå Negev fór Abram dagslei etter dagslei til dess han kom til Betel, til den staden der han før hadde hatt teltet sitt, mellom Betel og Ai.

4. Der hadde han førre gongen bygt eit altar, og der kalla han på Herrens namn.