Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 11:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Heile verda hadde eitt språk og same tungemålet.

2. Då folk tok ut frå aust, fann dei ein brei dal i Sinear-landet, og der slo dei seg ned.

3. Dei sa til kvarandre: «Kom, lat oss laga teglstein og brenna han vel!» Dei bruka tegl til murstein og jordbek til kalk.

4. Så sa dei: «Kom, lat oss byggja ein by med eit tårn som når opp til himmelen, og gjera oss namngjetne, så vi ikkje vert spreidde ut over heile jorda!»

5. Då steig Herren ned og ville sjå på byen og tårnet som menneska bygde.

6. Og Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og alle har dei same tungemålet. Dette er det fyrste dei tek seg føre. No vert ikkje noko umogeleg for dei, kva dei så finn på å gjera.

7. Lat oss stiga ned og vildra tungemålet deira, så den eine ikkje skjønar kva den andre seier!»

8. Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen.

9. Difor kalla dei han Babel. For der vildra Herren tungemålet for heile verda, og derifrå spreidde han dei ut over all jorda.

10. Dette er etterkomarane etter Sem. Då Sem var 100 år, fekk han sonen Arpaksjad, to år etter storflaumen.

11. Og etter at han hadde fått Arpaksjad, levde han endå 500 år og fekk søner og døtrer.