Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 10:3-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Sønene til Gomer var Asjkenas, Rifat og Togarma.

4. Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim.

5. Frå dei har folka på kystane breitt seg ut i landa sine, kvart med sitt språk, ætt for ætt, folkeslag for folkeslag.

6. Sønene til Kam var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan.

7. Sønene til Kusj var Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan.

8. Kusj fekk sonen Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jorda.

9. Han vart ein veldig jeger for Herrens åsyn. Difor seier folk: «Som Nimrod, ein veldig jeger for Herrens åsyn.»

10. Fyrst rådde han over Babel, Erek, Akkad og Kalne i Sinear-landet.