Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 10:28-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Obal, Abimael, Saba,

29. Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan.

30. Dei hadde bustadene sine frå Mesja bort imot Sefar, i fjella mot aust.

31. Dette var sønene til Sem, ætt for ætt og språk for språk, kvar i sitt land og sitt folkeslag.

32. Og dette er dei ættene som har kome frå Noah-sønene, nemnde etter sine ættleder og folkeslag. Frå dei har folkeslaga breitt seg ut på jorda etter storflaumen.