Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 10:23-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Sønene til Aram var Us, Hul, Geter og Masj.

24. Arpaksjad fekk sonen Sjelah, og Sjelah fekk sonen Eber.

25. Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart menneska spreidde ut over jorda. Og bror hans heitte Joktan.

26. Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerak,

27. Hadoram, Usal, Dikla,

28. Obal, Abimael, Saba,

29. Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan.

30. Dei hadde bustadene sine frå Mesja bort imot Sefar, i fjella mot aust.

31. Dette var sønene til Sem, ætt for ætt og språk for språk, kvar i sitt land og sitt folkeslag.

32. Og dette er dei ættene som har kome frå Noah-sønene, nemnde etter sine ættleder og folkeslag. Frå dei har folkeslaga breitt seg ut på jorda etter storflaumen.