19. Og det vart kveld, og det vart morgon, fjerde dagen.
20. Då sa Gud: «Det skal yrja med liv i vatnet, og fuglar skal flyga over jorda, oppunder himmelkvelven.»
21. Så skapte Gud dei store sjødyra og alt liv som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle dyr som har venger å flyga med, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt.
22. Han velsigna dei og sa: «De skal veksa og aukast og fylla vatnet i havet, og fuglane skal aukast på jorda!»
23. Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen.
24. Då sa Gud: «Jorda skal la alle slag levande skapningar gå fram, fe, kryp og villdyr, kvar etter sitt slag.» Og det vart så.