Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 1:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.

2. Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet.

3. Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos.

4. Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret.

5. Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

6. Då sa Gud: «Det skal verta ein kvelv midt i vatnet; han skal skilja vatn frå vatn!» Og det vart så.

7. Så gjorde Gud himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over han.

8. Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.

9. Då sa Gud: «Vatnet under himmelen skal samla seg på ein stad, så det faste landet kjem til synes!» Og det vart så.

10. Gud kalla det faste landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt.

11. Då sa Gud: «Jorda skal la grøne vokstrar gro fram, planter som set frø, og tre som ber alle slag frukt med frø i, på jorda!» Og det vart så.

12. Jorda bar fram grøne vokstrar, planter som set frø, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt.

13. Og det vart kveld, og det vart morgon, tredje dagen.

14. Då sa Gud: «Det skal verta ljos på himmelkvelven. Dei skal skilja mellom dag og natt og vera merke på høgtider, dagar og år.