23. Sanneleg, det seier eg dykk: Om nokon seier til dette fjellet: Lyft deg opp og kast deg i havet, og han ikkje har tvil i hjarta, men trur det vil gå som han seier, då skal det gå som han vil.
24. Difor seier eg dykk: Alt det de bed om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og de skal få det.
25. Men når de står og bed, og har noko å klaga ein annan for, må de tilgje han. Då skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar.
26. Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje dykkar misgjerningar.»
27. Dei kom atter til Jerusalem. Og medan Jesus gjekk ikring på tempelplassen, kom overprestane, dei skriftlærde og dei eldste til han
28. og sa: «Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til å gjera det?»