Når brør bur saman, og ein av dei døyr utan å ha fått søner, skal ikkje enkja hans gifta seg ut or ætta, med ein framand. Bror til mannen hennar skal gå inn til henne og ta henne til kone og såleis gjera sin skyldnad mot henne.