1. Sidan vende vi oss mot øydemarka og tok vegen til Sevsjøen, som Herren hadde sagt til meg, og i lang tid fór vi og sveiv kring Se’ir-fjella.
2. Då sa Herren til meg:
3. «Lenge nok har de fare kring desse fjella. Ta no leia mot nord!
4. Du skal seia til folket: Når de fer fram gjennom Se’ir, landet åt frendane dykkar, Esau-sønene, kjem dei til å verta redde for dykk. Men de skal akta dykk vel