Så tok David spydet og vasskrukka attmed hovudet til Saul, og dei gjekk sin veg. Ingen såg det, ingen merka det, og ingen vakna. Alle sov, for Herren hadde late ein tung svevn koma over dei.